Nok ein kamp i serien stod for tur torsdag 21. april. Denne gongen var det Bjarg som stod på andre sida og var klar til å gje oss kamp. Og det gjorde dei verkeleg til tider i ein kamp som endte med 2–3 tap for Vadmyra G1.

Vadmyra stilte i sin vanlege 4–3 –3 formasjon med litt nye fjes i troppen og med følgjande start 11ar: Robin (mål), Jonas (h.back), Henrik (midtstoppar), Bendik (midtstoppar), Babek (v.back) – Tobias (anker), Robin (indreløpar), Arlind (indreløpar), – Bjørn Tore (h.kant), Tommy (spiss) og Khai (v-kant). På benken var: Theodor, Thomas, Lars Fredrik, Salomon, Marius P, Nickolas og Dennis.

Bjarg fekk seg eitt sjokk i starten, for Bjarg hadde på førehand vert å sett oss mot Kjøkkelvik/Olsvik, og hadde kanskje ikkje vorte så veldig skremt av effektiviteten vår der. Dei fyrste 10 minuttane så køyrte me på og vant alt av dueller både på midt og i forsvar. Vaddaguta gjekk opp i ein tidleg leiing med Robin etter berre 5 minuttar. Målet kjem av at ein er tøff og vinner duellane på midten og får eitt viktig brud. God fart og presisjon, og med ein dose vinnervilje, får me scoring. Det å score på dei fyrste 15 minutta var igjen eitt mål for oss, som me nådde.

G1 - Bjarg_2016
Foto: Vidar Daatland

For igjen så hadde me 3 fokusområdet. Dette var eitt på det offensive, eitt på det defensive og eitt som gjekk på laget generelt. Det offensive punktet var at me skulle vera dyktig e på det å spela gjennom ledda. Dette er noko me har jobba med mykje i vinter og vert gode i til tider. Det defensive var at me skulle vera tryggare i det å ligga i ramme og vera tydleg på kor den skulle ligge. Det som gjekk på laget var lojalitet, at laget skulle vera lojale med kvarandre på det me gjorde på banen. Noko av vår styrke er at me er eitt bra lag og at med å vera lojale med medspelarane våre ville me stå sterkare samen.

Og i oppstartinga så var dette tydlege og alle gjorde jobben sin. Me sjokkerte nok Bjarg litt som sagt, men dei kom seg inn i kampen igjen. Dei var gjennombrotshissige og spesielt på vår vestre side køyrte dei på med god fart som vår venstre back fekk ein del utfordingar med. Me stod godt i mot, men dei fekk likevel inn 1 – 1.

Ein god kandidat til årets mål kom i denne kampen og det var det debutant Bjørn Tore som stod for. Vaddaguta fekk frispark på ca. 25 meters avstand og godaste Bjørn Tore berre setter den elegant i krysset og gjev oss 2–1 leiing, som står seg til pause.

Tøff start på andre omgang vart det når det ikkje gjekk lang tid før Bjarg fekk til 2 – 2. Dette kom nok mest utav at ein måte gjere noen bytter i pausen og ein liten taktisk feilvurdering i forhold til kampens klima. Dei duellsterke spelarane måte ha seg ein pause med slitne bein og småskadar, og inn kom våre gode taktiske og fotballsmarte spelarar. Men i ein kamp der Bjarg kjempa hardt for å få mål og var gode i duellar og på hurtigheit vart dette kanskje ein liten taktisk bommert (trenarane er heller ikkje ferdig utlært, så alle feil er gode læringsmoment å ta med).

Me stilte også mannsterke med ein 18 manns tropp og det er då ein god filosofi at desse skal spela. Litt av grunnen til at me val å ha med ein så stor tropp var at me har kamp på sundag igjen i NM kvalifiseringa mot Gneist, og me veit at me endå ikkje er heilt der form messig at me kan halda spelestilen vår i to så tette kampar. Det er derfor kjekt å sjå at spelarar frå G2 og G3 kan gjera gode kampar hos oss og få prøvd seg på heitt litt høgare nivå og kunne få referansar for å forsetta utviklinga si. Og det er eitt signal til spelarane som er på G1 at dei må halda konsentrasjonen oppe og jobbe godt, for det er spelarar som pustar dei i nakken både frå G2, G3 og frå Smg 14.

Men tilbake til kampen (vossingar har ein tildens til å fara litt ut på ville vegar i fjellheimar). Andre omgang vart noe kaotisk på grunn av litt byting og flytting av spelarar, men ein stod på gjennom kampen. Bjarg var nok det beste laget i andre og hadde noen store sjansar som vår fantastiske keeper tok. Ein kan nok sei at Robin som stod i mål hold oss inne i kampen i periodar i andre omgang.

Ein god keeper var dessverre ikkje godt nok for å behalda i alle fall eitt poeng igjen i Vadmyra, for Bjarg gjekk opp til 2–3 ut i omgangen. Me hadde noen store sjansar på slutten som kanskje kunne gjedd oss 3–3. men det ville seg nok ein gong ikkje. Dermed gjekk Vaddaguta på nok eitt knipent tap med eitt mål, nr. tre i rekka i serien. Det som er positivt er at denne gjengen visar i etterkant at ein framleis er eitt lag med høg fokus og er målretta i forhold til vidareutviklinga av både enkeltspelarane og laget. Alle som er med har tru på det me der med, og me kjem sterkare tilbake!

Og alt på sundag 24.04 kan du gje ditt bidrag til støtte! Me håpar på festfotball og publikumsrekord på Vadmyrabanen kl. 16.00 når me møter Gneist i NM kvalifisering. Sjølv om Brann ikke *klarte det, så er me fokuserte på at me skal gjera det me kan for å gå vidare! Så håpar å sjå dykk alle på plass då!

Se flere bilder på kampsiden