I november starta prosessen for å laga opplegget for 2016 sesongen for G1 og gutegruppa i Vadmyra IL. I desember hadde ein fellestreningar for alle som var født i 2000 og 2001 for at alle skule verta kjekt med kvarandre og gamle og nye trenarar skulle få verta kjent med spelarane.

Lang og slitsom oppkøyring

I januar starta G1 opp med 4 treningar i veka, samt at det var mogleg å vera med på ei morgonøkt på tysdagane der ein også åt frukost samen etter på.

Nytt for året var at ein skulle vera litt meir klart inndelt i lag enn ein hadde vert dei andre åra 2000 og 2001 har spelt i ungdomsfotballen. Det vart satt opp eitt G1 lag, som bestod av dei som me trenarar og sportslegleiar meinte var dei rette for dette, samt at ein hadde eitt reint 2000 lag (G2) og eitt reint 2001(G3). I tillegg så meldte G4 i ein 7`ar serie for å vera sikkert på at ein hadde nok kamptilbod til alle.

Oppkøyringa til sesongen er alltid lang og slitsam, men alle kom igjennom. Me fekk noen treningskampar, der i blant mot Sandviken sitt damelag i Toppserien inne i Vestlandshallen..

Fokus i vinter var myke det å tørre å spela seg gjennom ledd og halda ballen i laget. Snakka også ein del om dette om  når skal ein bruke dei ulke romma, og når skal ein utfordra sjølv til. Var også eindel fokus på at spelarane skulle heva sine ferdigheitar rundt det tekniske, og brukte alltid oppstarting eller slutten av treninga til dette. Var ein del fokus på å få opp antall berøringar på ball under treninga.

Dette var også fokus under treningskampane og ein klarte det til dels. Men var framleis ein del å jobba med, men det var framgang å sjå.

På grunn av at ein ynskja å spela i 1.div og meldte oss på der, men fekk ikkje plass der på grunn av manglande resultat dei siste åra, fekk ein likevel invitasjon til å vera med i NM G16. Dette var ein god arena for oss å få vist oss fram mot dei laga som skulle spela i 1.div så me kunne få kjenna på nivået der.

Slo ut to førstedivisjonslag

Me spelte fyrste kampen mot Fana og overraska nok både Fana og oss sjølve litt på gode me var i den kampen. Til tider vil eg sei (er nok ikkje heilt objektiv her, men dog) at me hadde ganske god kontroll på Fana og var til tider klart best. Leda med tre mål på det meste, men slapp dei inn i kampen og sluttresultatet vart 4-3 til oss. Men ein god oppleving var det, for me viste at me kunne spela mot eitt lag som ville hevda seg i 1.div og ein såg igjen mykje av det ein hadde jobba med i vinter.

Foto: Per Molvik
Foto: Per Molvik

Så vart det kamp mot Os i neste runde og her også overraska me nok både Os og oss sjølve igjen. Me var nok litt meir sikre denne gongen, då me hadde me oss sjølvtilliten frå Fana kampen, men kampen skulle spelast. Dette var ein litt tettare kamp, som til slutt endte med 2-1 seier til oss. Nok eitt lag frå 1.div var slått ut og me var full av sjølvtillit og klare for sesongstarten.

Me gjekk med seier då vidare og skulle spela neste runde mot Gneist. Dette var rett etter seriestarten og der bomma me i fyrste kamp og fekk vil litt hol på ballonga vår i forhold til kor me stod. Så kom Gneist kampen og der møte me rett og slett eitt lag som var betre enn oss og dermed var NM eventyret slutt for vår del.

Tung seriestart

Serien starta så absolutt ikkje sånn me hadde sett for oss. På dei 3 fyrste kampane vart det 1 måls tap. Det var tette kampar, men me fekk det rett og slett ikkje til å stemme heilt. Me gjekk litt i motvind og det vart meir stang ut enn stang inn. Me var ikkje flinke nok til å sette sjansane våre og me mista lity spillet so me hadde hatt i vinter og dei to fyrste NM kampane. Og når eitt lag strevar i motgang, så vert det oftare stang ut enn stang inn. Me var i ein avdeling med 11 lag, så på ti kampar vart det 7 tap og 3 seierar. Me scora 24 mål, men slapp inn 31.

G1vsGneis_2016Men det som er herleg med denne gjengen er at dei ikkje legger seg ned å griner og er frustrerte, jo det har nok vert stunder der ein har vert det og, men dei reiser seg alltid og stod på. Vist ikkje så hadde ein nok ikkje fått dei 3 seierane og ikkje fått den avslutninga ein fekk på sesongen med 8-1 seier i går. Det står det stor respekt av, og eg er stolt over spelarane!!

Ein må sjå bak talla

No er det viktig å på peika at ein ikkje berre ser på resultata når ein ser på kor god sesongen har vert for laget. For som ein seier, ein må sjå bak talla. Og det gjere me så absolutt. Det er ikkje viktig for meg, laget eller klubben akkurat kor me ligger på tabellen, men at me ser ein utvikling av spelarar og laget. Og det gjere ein så absolutt. Ein tar nye steg kvar dag og ein vert litt betre. To av spelarane har debutert på A-laget, det har også vert ein god del spelarar frå G1 som har spelt på Jr nivå, og me har hatt med oss fleire spelarar frå laga under oss. Dette skal eg komme tilbake til om litt.

Men eg må sei noko om det eg ser på som forbetrings potensiale for hausten. For det fyrste så er dette midt i ungdomstida til gutane der dei får fleire og fleire interesser og ein er på veg til å frå ungdomsskule til vidaregåande. Mange har kjærastar, vil vera med venner og vil utfordre seg sjølv og andre litt meir enn ein kanskje gjorde i byrjinga av ungdomstida si. Det då å halda på spelarar som eigentleg har veldig lyst til å trene og verta betre, men vil så gjerne vera med andre og finne på anna enn fotball heile tida er ein utfording. Det veit alle som driver med idrett.

Det skal aldri vera veggar mellom laga

Me har vert heldige i vår gruppe dei siste åra og har hatt meir tilvekst enn forfall, men merkar no at dei får fleire interesser. Og det skal dei så absolutt få lov til å ha. Her er det viktig at ein opplever at fotball framleis er kjekt og gjev ein mesitring og utfordring. Så det som vert viktig og som me kjem til å sjå på gjennom sommaren opp mot hausten er kven som vil satse og kven som vil kanskje trappe litt ned.

Robin var god å ha i oppgjøret. Foto: Per Molvik
Robin var en av to spillere som debuterte på A-laget i vår. Foto: Per Molvik

For Vadmyra skal ha eitt tilbod til alle, og då må me berre vera ærlige med kvarandre på kva me vil. Og det er ikkje sånn at om ein no vil trappa litt ned så er toget gått. Det skal aldri, aldri vera veggar mellom laga, og dei som vil prøva seg bør og skal få sjansen. Så skal eg sjølv også ta på meg ein del av skylda for at ein ikkje har hatt nok treningsgrunnlag til å tåle ein vårsesong som gav mange 1,5 – 2 kampar i veka.

Det vart litt for mange som fekk for mange arenaer, mens andre ikkje fekk meir enn ein. Her var det litt dårleg kommunikasjon mellom trenarar som verta retta på til hausten. Samt som eg starta med, den fysiske biten vart ikkje prioritert nok i vinter, så det som blant anna har vert styrken til denne gjengen før å halda ut gjennom heile kampen, var ikkje til stede. Det er mitt ansvar som trenar og skal verta tatt tak i gjennom sommaren så me er meir klar for hausten.

Mer tydelig til høsten

Det vil og vera tydligare på kven som skal vera med på kva arenaer og her skal trenarane og sportslegleiar setta seg nes og sjå på kven som skal få kva tilbod. Dette vil også kunne forandra seg utover sesongen, men utgangspunktet er at ein der sikrar seg i forhold til ein totalbelasting på spelarane, samt at det er mykje meir forutsigbart kven som skal spela kor og at fleire får sjansen til hospitering på eitt høgare nivå.

Blant anna må det vera eitt mål alt alle 2000 gutane skal prøva seg på JR nivå i løpet av hausten. Eg skal heller ikkje legga skjul på det at eg både er trenar i Sandviken og i Vadmyra går litt på bekosting av å alltid kunne gje 100%. Og det merkast nok mest på G1 då eg alltid har fyrst Sandviken trening for så å komme på Vadmyra trening, i tillegg til å ha vert på jobb på dagtid. Men her og vert det gjort endringar og eg ser fram til ein haust der Gunnar Eiken og eg vil ha eitt veldig bra opplegg for G1 og ein vil oppleva eitt godt planlagt og tilrettelagt(som Egon Olsen ville sagt) opplegg for laget.

Sebastian_SMG_Brann_2015
Sebastian Aros, her i aksjon i 2015, var en av flere yngre som fikk forsøke seg på G1 i vår.

Men det har også vert mykje bra i vår. Som eg sa, så er dette ein gjeng gutar som verkeleg står på og det er ei god stamme som har over 80% oppmøte gjennom heile vinteren og våren. Dei har heller ikkje gjedd opp og stått på og viste som sagt i siste kampen at ein gjekk frå ord til handling og avslutta med stil. To har debutert på A-laget, i tillegg så har mange fått sjansen opp på Jr nivå og me har hatt mange med oss både i trening og kamp denne vårsesongen. Eg takkar derfor G12 og G3 samt Smg14 for eitt veldig godt samarbeid.

Her er det mange gode spelarar som har og vil få tilbod om å hospitera med oss både i trening og kamp. G1 spelarane har også vist seg å vera gode rollemodellar når me har hatt med yngre spelarar, og igjen, i går så var det fleire som stod fram å viste korleis støtte opp og motivera desse som var med. Det er forbilde det!

G1 troppen har vert sånn våren 2016: Robin(Keeper), Marius P, Henrik, Bendik, Babek, Marius B, Lars Fredrik, Robin, Arlind, Salomon(01), Magnus(01), Khai(01), Tommy, Jonas, Fadul, Dennis og Nickolas.

Følgjande spelarar har debutert på A-laget: Robin (keeper), Henrik

Følgjande spelarar har spelt for Jr 1: Robin(keeper), Marius P, Henrik, Babek, Robin, Arlind, Salomon(01), Magnus(01), Khai(01), Tommy og Fadul.

Følgjande spelarar har spelt for Jr 2: Robin(keeper), Arlind, Marius P

Følgjande spelarar har spelt og trena med oss frå G2: Thomas, Theodor, Endre, Olaf, Victor

Følgjande spelarar har spelt og trena med oss frå G3: Daniel, Tobias, Moa, Bjørn Tore

Følgjande spelarar har spelt og trena med oss frå Smg14: Ruben, Tahina, Adrian, Oliver, Sebastian, Tobias, Casper, Andreas

Vist du har lest deg gjennom alt dette så er eg imponert. Vist du kun har gått til siste del her no, så skal eg oppsummera med at eg er fornøyd med gutane sin innstilling og håpar at dei tar denne med til Norway cup og hausten. Ser forbetrings potensiale i min og spelarane sin tilstedeværelse i sjølve treninga og treningsgrunnlag. Fornøyd med utviklinga av enkelt spelarar og kamptilbode mine spelarar har fått, samt at eg er fornøyd med det som dei som har hospitert med oss har pristert, for det har vert veldig bra.

Ser fram til hauste og at me samen kan ta nye steg for enkeltspelarar, som lag og som gruppe.

God sommar!! 