Etter ein lang og trøblete oppkøyring, med snø og is som aldri heilt ville slutte å dukke opp, statar endeleg kampsesongen 2018!

Fyrste kampen starta i går borte mot Bønes.

Troppen som stilte var: John Kristian Hansen, Thomas Aas, Henrik Bø, Jarl Henning Nilsen,
Eirik Svortevik, Thomas Hannisdal, Steffen Kvidahl, Magnus Nyhammer, Mads Neset, Mats Aga, Michael Larsen, Robin Nesse, Babek Bina, Arlind Devolli, Jonas Kvernhusvik, Robin Sabaratnam og Tobias Langedal. Av desse 17 har 15 meir eller mindre gått alle år i Vadmyra.

Tropp og apparatet rundt laget var spendt på korleis denne fyrste kampen ville gå. Kor ein står? Korleis er motstandaren? Har me fått trent nok i oppkøyringa? Spørsmåla var mange og dei fleste fekk ein svar på undervegs i kampen.

Fyrste omgang startar bra og spelarane var på frå fyrste minutt. Det var tempo i spel vårt og det var mange gode bevegelsar rundt ballførar. Dette gjorde at me kom til noen store sjansar og styrte kampen i denne omgangen. Spesielt det offensive satt godt i oppstarten og me hadde fin kontroll bakover.

Bønes var absolutt ikkje ufarlege og midt i fyrste omgang kom Bønes til ein veldig stor sjanse, men John Kristian som stod i mål hadde ein viktig og god redning. Me hadde sjølve nokon store sjansar med Michael, Mats Aga og Magnus. Det hadde ikkje vert noko å sagt på at me hadde gått til pause med leiing.

Andre omgang vart utsatt i 20 minuttar på grunn av at lyse ikkje kom på. Dette reknar ein med ikkje skjer vidare, for no når sesongen er i gang bør dette vera på plass.

Andre omgang vart ein mykje tettare og tøffare omgang enn fyrste. Bønes hadde fått nye krefter og var tydleg klar på at me ikkje skulle få styra kampen som me gjorde i fyrste. Så denne omgangen måte mange gå i kjellaren for å holde tritt med tempoet i kampen, for no gjekk det mykje at og fram. Og dette med den trøblete oppkøyringa viste seg no å spela litt inn, for begge laga har nok ikkje fått trent nok rett og slett.

Sjølve andre omgang var nok veldig kjekk å sjå på for alle dei frammøtte og det var mange frå Vadmyra til stede. Som trenar vert det og intenst.

Det var derfor godt å få det fyrste målet som vart scora av Michael. Men leiinga vår holdt ikkje lenge og Bønes scora ikkje berre eitt mål, men to og leda dermed 2-1. Dette kom etter to kontringar, og der var me rett og slett ikkje med i svingane, for der gjekk det fort.

Ein tenkte nok at no gjekk luftaut av spelarane, men nei då! Her reiste dei seg, gjekk heilt i kjellaren og stod på kampen ut. John Kristian hadde mykje meir å gjera i andre omgang og
hadde fleire viktige redningar, spesielt når Bønes kom aleine med keeper med to spelarar. Så tok spelarane også på banen ansvar og me sette i gang eit press. Magnus fekk scoringen 2 – 2 og Mads fakk satt resultatet til 2-3 til oss til stor jubel og glede.

Alt i alt kan ein vel sei at det var fortent, men Bønes imponerte i andre omgang. Men det gjorde også vårt unge lag! For ein vilje! Dette er vel det som er Vaddapower!

Anbefalar alle å sjå videoen som ligger på fjesboksida til Fotballfamilien Vadmyra der kaptein Aga helder ein herleg tale før spelarane går heilt bananas.

Stolt!!