Sundag 22.04.18 kl. 16.00 var det duket for eit lite nabooppgjør når me reiste til Alvøeparken for å spela mot Loddefjord 2.

Var kanskje tidenes yngste A-lag Vadmyra har stilt med, men det var ikkje å sjå igjen på banen. Av 17 spelarar var heile 9 juniorspelarar som virkeleg viste seg fram.

Troppen var:
John Kristian Hansen (99)
Thomas Aas (95)
Jarl Henning Nilsen (96)
Mats Christiansen (95)
Eirik Svortevik (97)
Mads Holm Neset (97)
Thomas Hannisdal (98)
Arlind Devolli (00)
Mats Aga (95)
Michael Larsen (99)
Khai Nguyen (01)
Robin Kristoffer Nesse Sağdiç (00)
Georg W. Kleppestø (97)
Magnus Nyhammer (01)
Tobias Ilvær Langedal (01)
Robin Sabaratnam (00)
Ivan Leonard Felix Dias (01)

A-lagstrener Daniel Andreassen.

Kampen var sånn eit lokaloppgjør skal vera. Godt med folk å såg på. Godt Bergens vær. Tøffe duellar. Nerver. Og spenning!

Loddefjord må nok seiast å vera litt storebror akkurat no for tida, men me er ikkje så lettskremte me som kjem frå Vadmyra. Så me var klare til kamp.

Loddefjord hadde med seg nokre spelarar frå a-stallen sin som dominerte mykje av spele til Loddefjord. I tillegg var dei gode å setta oss under press på kantane, som gjorde at me rett og slett endra formasjon i pausen.

Kampen bølga litt att og fram gjennom heile kampen, men Vadmyra starta best dei fyrste 15 og leda 0-1 etter 13 minutt. Her var det Thomas Aas som scora på ein corner frå Mats Aga.

I denne perioden får Thomas Hannisdal seg ein smell og må gå ut dessverre. Magnus Nyhammer kjem innpå og overtar plassen sentralt med Mads Holm Neset.

Men så kom Loddefjord meir inn i kampen og tok litt over. Og då spesielt på kantane som sagt. I dette presset frå Loddefjord er det ein situasjon der Vadmyra ikkje får klarert og Lodefjord utligner. Då skjerpar Vadmyra seg, men det er litt uryddig i spelet og litt mange brudd i mot. At det er 1-1 til pause er greit nok. Michael Larsen får seg ein smell i ein takling og byttar med Robin Sabaratnam, som igjen har ein kjempejobb og har nokre store sjansar i løpet av kampen.

I pausen går Arlind Devolli ut etter ein god omgang der han gjev alt i duellar og er med i mykje av det offensivt og defensive spelet. Inn kjem Georg Kleppestø som på back. I tillegg så gjere ein formasjonsendringen.

Den gjev oss litt betre arbeidsforhold og ein styrar kampen igjen. Kjem til nokre sjansar, men ikkje noko som er skikkeleg farleg. Etter nok eit brudd på midten, noko me har slitt med i alle tre kampane no, går Loddefjord rett i angrep og får 2-1. Dei byrjar også og dominerar meir og meir, og hadde det ikkje vert for John Kristian Hansen i mål så hadde nok Loddefjord leda meir. John Kristian er nok banens beste og som mot Bønes har han viktige redningar som held oss inne i kampen.

Men er det noko som kjenneteiknar årets Vadmyralag, så er det at dei aldri gjev opp. Og her skal dei ha all honnør for å stå på til siste slutt. Ein samlar seg og trøkkar til og får utligninga 2-2 med Ivan Dias. Det er hans fyrste kamp med a-laget og for eit innhopp han hadde. Ein anna som kom innpå er Tobias Ilvær Langedal. Han kom inn som venstreback og viste igjen at han ikkje er langt unna ein plass i forsvaret til a-laget.

Etter 2-2 så får me litt energi og ein fortsetter å trøkke til. Khai Nguyen som har løp og løp i heile kampen, går på endå eit løp og vert tatt i 16m og dermed blåses det straffe. Kaptein Mats Aga, som har holdt hove kaldt under heile kampen og spelt nok ein god kamp, går fram å tar straffen. Med scoringen sin her legger han på til 2-3 og det er eit minutt pluss tillegg igjen av kampen. Jarl Henning Nilsen samlar troppen dei siste 6 minutta, som han har gjort gjennom heile kampen med god kommunikasjon og gode taklingar.

Og til slutt blåser dommaren av og ein kan juble for seier og 3 poeng i ein tøff og jevn kamp, som kunne ha endt med motsatt resultat. Godt at me har marginane på vår side av og til og. Dette smakte ganske så bra!

Er berre til å nyta seieren i kveld, i morgon er det tilbake til kvardagen der Smørås ventar på laurdag 28.04.01 på Vadmyrabanen. Håpar DU kjem!!

lør28apr16:0018:00FremhevetVadmyra A-lag - Smørås5 div. Menn avd. 0316:00 - 18:00 Vadmyrabanen